LA9V
KVA ER EIN RADIO AMATØR ?
Ein radio amatør er ein person som er normalt eller over interesert i radio kommunikasjon og elektronikk. Ein må avleggja ein teoretisk prøve hjå Post og Teletilsynet for å bli amatør.
Boka som inneheld pensum til lisensen, heiter Radioamatørens ABC og kan bestillast direkte hjå NRRL. Boka gjer deg ei innføring i elektronikk, antenner, antennekabler, forskjellige måter og kommunisera med ulike typer kommunikasjon. I tillegg er det litt prosedyrer og begrep som ein må kunne. Boka koster rundt Kr : 200.-
Det er ikkje lenger krav til at ein må kunne morse, linken under beskriv forskriftene.
Det er ulike måter ein kan kommunisere på. Det er både Telefoni ( tale ), CW ( morse ) , data kommunikasjon, satelitt kommunikasjon, nødsamband ved katastrofer, radiopeil orientering, Diplomjakt og DX jakt. Det er og konkurransar i forskjellige greiner.
Det viktigaste er at dette er ein hobby for mange interesser. Syns du at dette høyrdes spennande ut, so er det berre å ta kontakt med oss, slik at me kan ta oss ein prat om dette. Utstyret du treng for å komme deg i gang er ikkje so kostbart. Brukt utstyr er greitt og begynne med og for å komme i gang er det nok med 1.000.- til 1.500.- Kroner.
Kanskje dette blir din neste hobby ?